Nybygde og brukte blokkleilegheiter auka mest i pris frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024. Foto: Lise Åserud / NTB /NPK
Nybygde og brukte blokkleilegheiter auka mest i pris frå 4. kvartal 2023 til 4. kvartal 2024.

SSB: Prisvekst på nye bustader bremsar opp – lågaste vekst på einebustader på 30 år

Prisane på nye bustader auka med 3,4 prosent frå slutten av 2023 til 2024. I same periode hadde nye einebustader ein prisvekst på berre 0,9 prosent. Det er det lågaste sidan 1993.

Publisert Sist oppdatert

Dei siste bustadpristala frå Statistisk sentralbyrå (SSB)
viser at prisane på nye bustader auka i fjor, men veksten på 3,4 prosent er den lågaste sidan 2017.

Det er prisen på nye einebustader som trekkjer totalen ned. Prisane på nybygde blokkleilegheiter og fleirbustader auka med 4,5 prosent frå fjerde kvartal 2023 til fjerde kvartal 2024. I same periode hadde nye einebustader ein prisvekst på berre 0,9 prosent.

I det siste kvartalet i fjor var det faktisk ein prisnedgang på 0,4 prosent totalt, driven av prisfall på einebustader på 1 prosent.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS