Fungerande ordførar Tove Elise Madland har sendt ei helsing til elevane i grunnskulen i Vindafjord der ho fordeler 50.000 kroner til ei kjekk avslutning av eit spesielt skuleår prega av pandemi.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Spanderer ei god avslutning på skuleåret
Fungerande ordførar Tove Elise Olsen meiner elevane i Vindafjord fortener ei god avslutning på skuleåret, og ho fordeler difor ein pengesum elevane kan bruke.
Vanlegvis fordeler ordføraren 50.000 kroner til gode tiltak etter søknad og presentasjon i Barnas kommunestyre. Men i det uvanlege skuleåret prega av pandemien, har ikkje barna sitt kommunestyre vore aktivt.
Fungerande ordførar Tove Elise Madland har difor bestemt at heile beløpet skal brukast til ei god avslutning på skuleåret.
Fordelt på alle dei 1.118 elevane i grunnskulen er det 89 kroner per elev.