Rina Aspmo i Grannar vil sørgja for at ein grannarblom er klar for overrekking kvar einaste veke gjennom sommaren.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Sommarblom til kvardagsheltar og foto frå folket
Gjennom sommaren vil Grannar dela ut sommarblomar til personar i Etne eller Vindafjord som har gjort noko ekstra for andre. Målet er å løfta fram gode krefter i lokalsamfunnet og overraska nokon med ei blomsterhelsing og omtale i avisa. Publikum kan senda inn forslag på kven som bør få ein sommarblom. Det kan vera ein hjelpsam nabo, ein frivillig på dugnad eller andre som har gjort ein innsats for fellesskapet. Forslag med namn, kontaktinformasjon og ikkje minst, grunngjeving for nominasjonen, kan sendast til og her skriv du inn sommarblom» i emnefeltet. Du kan også senda inn forslag på SMS til 97570789.
redaksjon@grannar.noSommarbilete i fokus
Parallelt med blomsterutdelinga inviterer Grannar til den årlege fotokonkurransen. Lesarane kan senda inn sommarbilete frå kvardagsliv, natur, aktivitetar eller blinkskot frå ferien.