Opp og ned med korona. Bjørn Henriksen har rolege dagar etter at pandemien kom sterkt til bake. Eigaren av Ølen Møbel As har likevel tru på ein svært god julehandel.
Godt år i møblar. Trass korona hadde Bjørn Henriksen ved Ølen Møbel eit godt inntektsår i 2021. Med ein vekst på over 4 millionar kroner, er han godt fornøgd.

Solid handel trass pandemi

Både Ølen Møbel og Møbelringen i Etne hadde solide inntektshopp i fjor, med fleire millionar i salsauke. Mens Møbelringen kunne skilta med 2,9 millionar opp frå 2020, kunne Ølen Møbel konstatera ein auke på over 4,6 millionar kroner.

Publisert Sist oppdatert

For Ølen Møbel har omsetninga dobla seg dei siste to åra, trass pandemi. Eller kanskje er det rett og slett på grunn av pandemi? Frå ei omsetning på litt over 12,2 millionar kroner i 2019, kunne dagleg leiar Bjørn Henriksen notera seg driftsinntekter på over 24 millionar i 2021. I 2020 selde han varer for 19,3 millionar.

— Eg trur resultatet er ein miks av at me både har ting som folk ønskjer å kjøpa, og at restriksjonane under pandemien førte til at fleire både pussa opp heimane sine, og ferierte i Noreg. Me merka at folk har brukt pengane sine i eige land, seier Henriksen, som har kundar i eit stort geografisk område, men hovudvekta høyrer likevel heime på Haugalandet.

Har pussa opp

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS