Det var ein tidvis prega Høgre-leiar Erna Solberg som møtte pressa fredag morgon. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK
Det var ein tidvis prega Høgre-leiar Erna Solberg som møtte pressa fredag morgon.

Solberg orienterte om aksjehandelen til ektemannen: – Alvorleg tillitsbrot

Høgre-leiar Erna Solberg seier omfanget av aksjehandelen til ektemannen gjorde henne inhabil i fleire saker som statsminister. Ho er likevel tydeleg på at han aldri hadde innsideinformasjon.

Publisert Sist oppdatert
– Tillitsbrot er alltid vanskeleg, og ekstra vanskeleg er det i ein familie og i eit ekteskap. Det gjer vond for meg å vere så hard mot Sindre som det eg er i dag. Men fordi vi er gift og har felles økonomi, så har handlingane han har gjort, direkte påverking på korleis eg kan utøve oppgåvene mine som politikar, sa ein tydeleg prega Solberg på ein hasteinnkalla pressekonferanse fredag morgon.

– Dei samtalane eg har med Sindre om dette tillitsbrotet, skal eg ha med han, og ikkje med dykk, sa ho.

Gjennom fleire artiklar i E24 den siste tida har det vorte kjent at Solbergs ektemann Sindre Finnes kjøpte og selde aksjar i fleire selskap medan kona sat ved roret som statsminister. Det har utløyst ein debatt om Solberg kan ha opptredd inhabilt i regjeringstida si.

Var inhabil i fleire saker

Høgre offentleggjorde fredag lista over aksjehandelen til ektemannen i perioden då Solberg var statsminister. Den viser at Finnes gjorde 3600 aksjehandlar i denne perioden.

– Lista viser at Sindre ikkje har vore ærleg med meg, verken då eg var statsminister eller då eg konfronterte han med dette etter at de i pressa byrja å stille spørsmål, sa Solberg.

Ektemannen handla langt meir enn han undervegs fortalde Solberg og Statsministerens kontor, sa Solberg.

– Det er alvorleg fordi det inneber at eg eigentleg har vore inhabil i enkelte saker eg har behandla då eg var statsminister.

Ho er likevel tydeleg på at det ikkje er nokon grunn til å tru at nokre vedtak har vore ugyldige, fordi ho ikkje visste om detaljane rundt aksjehandelen til ektemannen.

1,8 millionar kroner i gevinst

I snitt gjorde Finnes 1,25 aksjehandlar om dagen i dei 2919 dagane Solberg var statsminister.

Ifølgje E24 skal Finnes mellom anna ha handla aksjar i selskapet Nekkar 72 gonger og i Kongsberg Gruppen tolv gonger på elleve dagar. Ifølgje Dagens Næringsliv handla Finnes også Norsk Hydro-aksjar samtidig som Solberg jobba med saker som var viktige for selskapet.

Solberg opplyser at Finnes har hatt cirka 1,8 millionar kroner i nettogevinst på aksjehandelen i perioden.

Ingen innsideinformasjon

– Eg er heilt sikker på at Sindre ikkje har fått innsideinformasjon av meg, seier Høgre-leiaren.

Ho legg til at det ikkje er mogleg for henne å kategorisk avvise at han har fanga opp noko og peikar på at dei budde saman i statsministerbustaden i åtte år, der ho hadde møte og tok med seg papir heim.

– Men eg kjem sjølv, med den kunnskapen eg har no, ikkje på noko som tyder på at han har hatt innsideinformasjon, seier ho og understrekar at dersom ho blir statsminister igjen, kan ikkje ektemannen handle aksjar.

(NPK)

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS