Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

For barn var det mange aktivitetar som slo an.Foto: Øystein Birkenes
For barn var det mange aktivitetar som slo an under Sjoardagen i 2019. Dei radiostyrte bilane er på plass i år også.

Sola kjem til den aktive helga

Publisert Sist oppdatert

Fredag har vore eit svært regntungt døgn i Vindafjord- og Etne kommune. Norsk Klimaservicesenter sine målingar viser at det per klokka 12.45 allereie er komme 31,8 millimeter nedbør i Vats og 19 millimeter i Etne. YR spår at regnet skal gi seg mellom klokka 21.00 og 22.00 i Vats, Bjoa, Skjold, Ølensvåg og Vikebygd, mens det skal vare cirka ein time lenger i Imsland, Sandeid, Ølen, Vikedal, Etne og Skånevik.

På laurdag ser YR sine vêrmeldingar langt lysare ut. Det er kanskje ekstra gledeleg for folk i Ølen, kor eit av årets høgdepunkt, Sjoardagen, er tilbake etter koronapausen. Grannar-distriktet si mest folkerike bygd er spådd å få sol gjennom heile dagen og ein makstemperatur på 17 grader.

Også i Etne blir det full fart på laurdag når Etneleikane, ein aktivitetsdag for alle med nedsett funksjonsevne, blir arrangert. Med YR-spådom om sol og ein makstemperatur på 18 grader går det mot gode forhold for dei aktivitetane som skal blir arrangert ute.

Powered by Labrador CMS