Snøggbåten Admiralen» som går mellom Bergen og Sunnhordland
FOTO: SKYSS
Snøggbåttilbodet til Ølen og Utbjoa kan forsvinna
Rogaland fylke vil ikkje lenger finansiera snøggbåt til Ølen og Utbjoa. Dermed står snøggbåttilbodet til Ølen og Utbjoa i fare for å bli lagt ned frå sommaren 2025. Vestland fylkeskommune meiner det ikkje er deira ansvar å halda desse rutene i gang.
Allereie tysdag 11. mars skal hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland behandla saka om økonomisk støtte til snøggbåttilbodet. I forslag til innstilling seier fylkesdirektøren at sidan Rogaland fylkeskommune har vedtatt å avslutta finansieringa, vil båttilbodet i Ølen og Utbjoa opphøyra alt frå sommaren 2025. Fylkesdirektøren i Vestland fylkeskommune har gjort det klart at dei ikkje ser det som naturleg å ta over ansvaret for stoppestadene i Rogaland, når Rogaland fylkeskommune ikkje lenger prioriterer å halda dei ved like.
Avtalen mellom Kolumbus i Rogaland og Skyss i Vestland har fram til no sikra eit samanhengande snøggbåttilbod for reisande i Sunnhordland. No ser det ut til at denne avtalen fell bort, og at båten vil ikkje lenger stoppa i Ølen og Utbjoa, ifølgje Kvinnheringen.
Nye rutetilpassingar utan Ølen og Utbjoa