Snakk om draumepåske
Sola skin frå skyfri himmel og folk har kunne nyta livet utandørs gjennom heile høgtida. Det har dei også gjort, og det har vore folksamt i skiløypene og på parkeringsplassane
På Oppheim i Ølen står bilane tett i tett, på begge platå, noko som vitnar om stor utferdstrong til skiløypene i dette nydelege påskevêret. Slik har det også vore gjennom alle påskedagane, for med eit slikt nydeleg vêr går det nesten ikkje an å sitja innandørs.
Også på Hjørnås er det god stemning, og operativ leiar i Etne Røde kors, Sigbjørn Børretzen, seier det har vore mykje folk i løypene gjennom høgtida.
— Me har kjempeforhold her denne påska, med mykje snø og godt besøk. Nokre kjem berre for å sitja i solveggen, mens andre går seg lange turar, seier han.