Ølen aktivitetspark er svært populær
Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Smittepresset minkar – Vindafjord opnar opp
Det er ikkje registrert nye tilfelle av koronasmitte sidan fredag 4. desember og ved Vindafjordtunet lovar det også godt, med fleire friskmeldte. Det er kommunedirektør Yngve Folven Bergesen som opplyser dette på kommunen si nettside.
Bergesen har difor i dag, fredag, i samråd med kommuneoverlegen, bestemt å lempa på dei særskilte oppmodingane og tiltaka som har vore gjeldande for Vindafjord kommune den siste månaden, i samband med det lokale smitteutbrotet.
— I stor grad vil me følgja dei nasjonale retningslinjene frå og med måndag 14. desember, med unntak av dei særskilte tiltaka som gjeld for tenester innan helse og omsorg og besøk ved omsorgssentra. Her vil det ta litt lengre tid å omstilla seg, etter den krevjande situasjonen som har råda den siste månaden, seier Bergesen.