Smakte på dei internasjonale rettane
Ali Hannan (2 år) var ein av mange som fekk med seg familiefesten på Sjøperlo i dag.
— For du e mer enn, mer enn god nok, mer enn, mer enn god, mer enn, mer enn god nok!
Musikken strøymer ut frå høgtalarane i Ølen kulturhus. Smilande barn i ulike aldrar, med ulik kulturell bakgrunn, dansar til musikken på den store scenen. Dei tomme stolane rundt borda i storsalen er i ferd med å fyllast opp. Ein kan kjenna lukta av ulike matrettar frå heile verda. Familiefesten i regi av Mitt fargerike nabolag er i gang. Nummer åtte i rekkja, dette året.
— Dette er fantastisk, eg er svært nøgd med oppmøtet, og dei frammøtte toler å smaka på utanlandsk mat, seier initiativtakar Catrine Chimba, når festen har vore i gang i halvannan time.