Malin Johansson skiftar til Shell på Knapphus, men vil sakna faste kundar og arbeidsstaden ho har hatt i 23 år.
FOTO: NILS TOKHEIM
Slutt for Shell-butikken i Ølen
Frå i juni ein gong blir det berre mogleg å fylla drivstoff og vaska bilen frå automatar ved bensinstasjonen i Ølen, for storkiosken er historie. Malin Johansson har vore tilsett i 23 år, og ho trur det no blir mange vonbrotne butikkundar.
Det er 23 år sidan Knapphus-konsernet kjøpte Shell-stasjonen i Ølen. Ølen Bensin og Storkiosk AS har drive med minustal fem år på rad, og nå resulterer det i ei markant omlegging framleis under merkenamnet Shell.
God mor
Anne Lise Sjurseike er både dagleg leiar og styreleiar i selskapet bak stasjonen i Ølen. Ho er svært erfaren med moderne drift av bensinstasjonar då ho i fleire tiår har vore sentral i eigarskapen og utviklinga av Knapphus-verksemdene. Ho har óg ved sida av dette ei tid vore såkalla retailer for ei rekke stasjonar i regionen.