Styremedlem Sigmund Lunde er godt fornøgd med kva VAF har bidratt med for Vindafjord gjennom 20 år. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Styremedlem Sigmund Lunde er godt fornøgd med kva VAF har bidratt med for Vindafjord gjennom 20 år.

Slutt etter 100 millionar i lokale bidrag

Publisert Sist oppdatert

— Det er ikkje småtteri VAF har betydd for Vindafjord. Tiltak som turstiar og fotballbanar har komme heile samfunnet til gode, medan kompetansehevinga har vore svært nyttig for næringslivet, seier Sigmund Lunde, som er Omega 365 sin representant i styret.

Frå 1. januar er VAF historie. Då har selskapet lagt bak seg 20 år med økonomisk støtte til idrettsanlegg, turvegar, infrastruktur, bygde- og kulturhus og ei rekkje andre lokale samfunnsprosjekt. I tillegg har selskapet tilbydd eit skreddarsydd kompetansetilbod for lokale bedrifter.

— VAF har styrka både næringsliv og buattraktivitet i kommunen, seier Lunde.

Bakgrunnen for etableringa av selskapet var ei statleg kompensasjonsordning retta mot distriktskommunar der arbeidsgjevaravgifta var sett til høgaste nivå for verksemder med lønskostnader over 15,4 millionar kroner. I Vindafjord valde næringslivet å etablere interesseselskapet VAF, med dei største bedriftene i området som aksjeeigarar.

Westcon Yards, Omega, Ølen Betong, Autostore, Berge Sag, MPS Service, Helgevold Elektro, Tveit Regnskap, Lundeneset VGS, Arrow Norway, Sandvik Gard Eiendom og Granberg AS har hatt aksjepostar.

Slepp å reise

VAF administrerte kompensasjonsmidlane og forvalta dei med mål om å styrkje lokalsamfunnet og næringslivet i kommunen. Målet til selskapet var ifølgje ei pressemelding å gjere kommunen meir attraktiv å busetje seg i, og gjere det lokale næringslivet meir konkurransedyktig gjennom å satse på varig kompetanseheving og vidareutvikling». Dette har VAF gjort gjennom:

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS