Bjarne Haugen var i barnedåp då alarmen gjekk, og då er det berre til å sleppa det ein har i hendene og reisa ut for å sløkkja brann - enten ein har bunad på eller andre klede. Her er han etter at han kom tilbake til brannstasjonen søndag kveld.
Foto: Grethe Hopland Ravn/Privat
Sløkte brann i bunad
Å sløkka ein brann i eit overtent hus tar mange timar, og ekteparet Reidun Sande og Leif Bjarte Halleland kunne ikkje gjera anna enn å vera tilskodarar då brannmannskapet kjempa mot flammane som slukte kårhuset dei hadde på garden.
Frå Etne brannstasjon kom 16 brannmenn, og i tillegg til dei kom det også assistanse frå Ølen brannstasjon, og dei jobba intenst for å få bukt med flammane. Dei demma opp ein bekk for å skaffa vatn, og ekteparet fekk observera innsatsen på trygg avstand.
— Det tok ikkje så lang tid før nødetatane var på plass, men eg hadde ikkje sjans til å ta opplevinga inn over meg før dei kom og tok over ansvaret me kjende på, seier Reidun, som legg til at det var ganske skummelt å sjå glør frå det brennande huset blåsa over tunet og bort til huset dei sjølv bur i.