Slo ring om Skakke

Fleire hundre unge og gamle etnebuar gav klar melding til lokalpolitikarane i Etne tysdag kveld: Skakke er viktig!

Publisert Sist oppdatert

(Sjå video frå aksjonen nederst i artikkelen)

Kor ska med trene om me ikkje har skakke?» var berre ein av dei mange parolane då fleire hundre personar gjekk i tog frå det konkurstruga kultur- og idrettssenteret tysdag ettermiddag.

Mange stilte opp

— Eg er her for fordi det er vi viktig sak for meg. Skakke er samlingsplassen vår. Ein plass me kan vere trygg, seier Josephine Feder til Grannar.

Ho var ei om lag 400 menneske som gjekk dei 3-400 metrane bort til tinghuset.

Skakke er samlingsplassen vår. Ein plass me kan vere trygg

Josephine Feder, Etne IL

Gjengen marsjerte til Etne tinghus og kor det vart halde ein appell i forkant av kommunestyremøtet.

Det var Etne IL som tok initiativ til demonstrasjonen.

— For å legge press på politikarane. I dag har dei kommunestyre utan forslag til korleis Skakke kan bli redda. Det likar me ikkje. Det hastar å kome i mål med ei løysing som kan sikre framtidig drift av senteret, seier Håvard Matre, leiar i Etne IL si fotballgruppe.

— Gjorde inntrykk

Aksjonistane fekk ingen tale tilbake frå nokon av politikarane. Men dei merka det ekte engasjementet.

— Det gjorde inntrykk, sa Ståle Tungesvik (Sp) medan han gjekk inn til kommunestyret.

Powered by Labrador CMS