Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen vil som HR Prosjekt, vurdere kvar det er best å plassere eit bassenganlegg, ut frå Vindafjord kommune sitt behov.
Slik blir høyringsprosessen for barnehage – og skulebruksplanen
Vindafjord kommune har lagt ein plan for ein omfattande høyringsprosess i samband ned barnehage- ogskulebruksplanen. Første folkemøte blir på Bjoa 18. januar.
Ni folkemøte skal gjennomførast i slutten av januar. I tillegg skal det vera ein runde med elevråda. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen vil saman med kommunalsjef for oppvekst og skulerådgjevar gjennomføra møte med dei ulike elevråda på skulane i Vindafjord.
— Grunna situasjonen med covid-19 vil møta med elevråda bli gjennomført digitalt. Det er viktig for kommunen å få innspel frå så mange som mogleg, og elevråda er sentrale i denne prosessen. Innspela her vil bli tatt med i kommunedirektøren si sakshandsaming vidare. Dato for denne runden er sett til tysdag 5. januar, melder kommunen på si heimeside.
Folkemøta