Slettmeg.no åtvarar mot ein ny svindelmetode på Facebook. Illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NPK
Slettmeg.no åtvarar mot ein ny svindelmetode på Facebook.

Slettmeg.no åtvarar mot ny svindelmetode på Facebook

NPK-NTB: Slettmeg.no har dei siste dagane fått fleire førespurnader frå personar som har vorte lurte av svindlarar og mista kontrollen på Facebook-kontoen sin.

Berre dei siste dagane har NorsIS -tenesta Slettmeg.no fått opp mot 20 førespurnader. Metoden som blir brukt, er ein ny vri på kontokapring, og NorsIS fryktar dette er starten på ein ny svindelbølgje.

Det startar med at ein får ein melding frå nokon ein trur er ein venn om å delta i ein konkurranse og endar med at ein har gitt frå seg kontrollen over Facebook-kontoen sin. Meldinga kjem eigentleg frå nokon som har kapra kontoen til vennen din.

— Deretter går vedkommande inn på Facebook-sida di og melder at dei har gløymt passordet sitt, og ber om å få eit mellombels tilsendt til telefonen din. Koden du skal få på telefonen din, er det mellombelse passordet ditt, seier leiar for Slettmeg.no, Hans Marius Tessem.

— Når du sender vennen din» denne koden, gir du dei det mellombelse passordet ditt til Facebook, ikkje ein kode for å delta i eit spel. Svindlaren kan då logge seg inn og ta kontroll over Facebook-kontoen din, seier Tessem.

Han presiserer at du berre kan få ein mellombels passordkode på telefonen dersom totrinnspålogging ikkje er skrudd på. Svindlarane er ofte raskt ute med å skru på totrinnspålogging på kontoen dei har kapra, noko som gjer prosessen med å ta tilbake kontrollen over kontoen din langt meir krevjande.

Formålet med å ta over kontoen til nokon er som regel å utnytte han til å drive andre former for kriminalitet, til dømes svindel eller spreiing av vondsinna programvare.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS