Slekts- og lokalhistorie på eitt tastetrykk
Storskala digitalisering gjer at stadig meir historisk materiale frå Etne kommune kan studerast heimanfrå. I Bergen sit Thea Skjåk Nielsen og Janny Sjåholm klare til å hjelpe etne- og skåneviksbuar på jakt etter slekts- og lokalhistorie.
— 143 einingar frå Etne og Skånevik er digitaliserte så langt, og det blir stadig meir, fortel Sjåholm.
Ho og Skjåk Nielsen er rådgjevarar ved Interkommunalt arkiv i Hordaland (IKAH) som oppbevarer arkivmateriale for Etne og 23 andre kommunar.
Minne frå Skånevik kommune
På ein rundtur i arkivet, som ligg i eit gammalt Hansa-bryggeri, viser dei to fram alt ein kan tenke seg av kommunalt materiale frå cirka 1837, då kommunelovene kom, og til og med 1992. Duoen er ivrige på å vise fram alle skattane frå Etne og korleis dei blir forvalta.
— Me har 250 hyllemeter med arkivmateriale berre om Etne og Skånevik ferdig ordna og organisert. Det er ting som går på vedtak i kommunestyra, ein del frå forvaltninga, jordstyre og landbruksrelaterte saker, karakterar frå skuleprotokollar og andre elevopplysningar og fattigprotokollar, fortel Sjåholm.
For besøket av Grannar har ho og Skjåk Nielsen henta fram to tradisjonelle arkivpermar; ei lita (møtebok) og ei stor bok frå prosessen der Skånevik og Etne blei slått i saman.
Den tidlegare kommunen Skånevik kommune vart oppretta i 1838 ut frå Skånevik prestegjeld. I 1965 vart han delt, og den delen som låg på Folgefonnhalvøya vart innlemma i Kvinnherad kommune medan resten vart innlemma i Etne kommune. Delen som gjekk til Etne svarar til Skånevik sokn. På arkivet i Bergen står det mangfaldige hyllemeter med historisk materiale frå den tidlegare kommunen.