Skulle kryssa fjorden

Det skal stå bra til med den 59 år gamle mannen frå Etne som gjekk […]

Publisert Sist oppdatert

Det skal stå bra til med den 59 år gamle mannen frå Etne som gjekk gjennom isen på Etnefjorden laurdag morgon.

Klokka 09.41 fekk politiet gjennom AMK-sentralen melding om at ein person hadde gått gjennom isen i Etnefjorden ved Holmaseid, ved fylkesvegen frå Etne sentrum mot Skånevik. Til å byrja med var det uvisst om det var ein eller to personar som hadde gått igjennom.
Ambulanse, politi, redningshelikopter og brannvesen rykka ut til staden og fekk etterkvart bekrefta at det berre var den eine mannen som hadde gått gjennom isen.

Naboar ved sjøen hadde vore vitne til hendinga, varsla redningssentralen og tok seg ut til mannen med båt.
— Naboar hadde tatt seg ut til mannen med ein 12 fots båt, og hadde fått mannen opp. Personen haldt på å gå under vatn fleire gonger då dei prøvde få han på land, opplyser operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt, John Inge Særsten.

Han skryt av naboane og seier dei gjorde ein svært god jobb.
— Det var ikkje uproblematisk for dei å ta seg ut med båt på slik is, seier han.

I følgje vitne skal 59-åringen ha køyrt på ein firhjuling over isen, og var omlag 20 meter frå land då han gjekk gjennom.

— Den 59 år gamle mannen låg i sjøen i omlag 15 minuttar før han blei tatt opp. Han var ei stund ute av stand til å forklara om han var åleine, men bekrefta sidan at det berre var han som hadde vore på isen. Mannen er nå frakta med ambulanse til Haugesund, og skal vera sterk og klar, seier Særsten.

Det er i utgangspunktet ikkje ulovleg å køyra med ATV på isen slik som dette, men på sjøisen er det risikosport nå, seier Særsten som ber folk vara svært forsiktige og halda seg borte frå isen.
— Mannen var svært heldig med tanke på at han var i vatnet så lenge som han var. Folk må vera svært obs på sjøisen nå. Det kan sjå trygt ut, men ein veit aldri, særleg ikkje i området der det også går båtar, understrekar han.

Powered by Labrador CMS