Skriv om slektsgarden sin
Dei gamle husa ved Imslandssjøen står tette og kvite, side om side langs sjøsida. Dei små tuna går i kvarandre, og ved enden av vegen ligg kyrkja, som ho har gjort sidan 1861.
Ein gong i tida var Imslandssjøen eit sentrum med yrande liv, med både handelsplass, skipsbyggeri og postutlevering. På det meste budde det 90 personar her. I dag er det fire fastbuande.
— Det var grunna skipsbyggjeriet det var så mange som budde her, seier 74-åringen, som i årets utgåve av sogelagsboka Vindetreet har skrive om garden Imsland.