Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Mette Walker i Skolenes landsforbund meiner ekstra 5 milliardar til kommunar og fylkeskommunar ikkje nok til å redde skulane. Foto: Terje Pedersen / NTB / NPK
Mette Walker i Skolenes landsforbund meiner ekstra 5 milliardar til kommunar og fylkeskommunar ikkje nok til å redde skulane.

Skolenes landsforbund: 5 milliardar meir til kommunane er ikkje nok

Publisert Sist oppdatert

Dei ekstra milliardane regjeringa lovar til kommunane er ikkje på langt nær nok til å berge skulane i landet, meiner Skolenes landsforbund.

– Meir enn hundre skular står i fare for å bli lagde ned i næraste framtid, ifølgje tal frå fleire medium. 5 milliardar vil kanskje berge nokre av desse skulane, men langt frå alle. Regjeringa må sørgje for at det ikkje er manglande ressursar som tvingar fram skulenedleggingar, seier forbundsleiar Mette Johnsen Walker i ei fråsegn etter ekstraløyvet til regjeringa.

Regjeringa gjekk fredag ut med nyheita om at ho gir kommunane og fylka i landet 5 milliardar kroner ekstra i inneverande år, og tilsvarande for neste år, etter tilbakemeldingar om omfattande utfordringar i kommuneøkonomien. Mange skular står i fare for å bli ramma av omfattande kutt eller nedlegging på grunn av problema.

Powered by Labrador CMS