Skogbrannhelikopter blir sett i beredskap på Vestlandet

Publisert Sist oppdatert
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har sett eit skogbrannhelikopter i beredskap på Vestlandet denne helga på grunn av fare for grasbrann.

Skogbrannhelikopteret skal stå i Sauda i Rogaland, skriv direktoratet på nettsidene sine.

Beredskapsperioden for skogbrannhelikopter er normalt frå 15. april til 15 august, men Meteorologisk institutt har sendt ut gult grasbrannfarevarsel for Trøndelag, Møre og Romsdal og delar av Vestland.

– Staten set inn skogbrannhelikopter ved behov, også utanom den faste beredskapsperioden. Saman med eit skogbrannhelikopter får den lokale brannsjefen obligatorisk leiarstøtte frå skogbrannekspertar. Ved behov hjelper også Sivilforsvaret med mannskap og utstyr ved mange skogbrannar, seier avdelingsdirektør Johan Marius Ly i DSB.

Han oppmodar samtidig folk til å vise varsemd i tørre område.

Hittil i 2024 er det registrert 66 brannar i utmark og innmark. På same tidspunkt i 2023 var det registrert 33.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS