Gøril Eidhammer og Jon Oddvin Moe er dagleg leiar og styreleiar i Skakke. No er dei i dialog med Etne kommune for å få hjelp til å handtera lånet Skakke har på 30 millionar kroner. Dei høge rentekostnadane gjer at det ikkje går rundt økonomisk for storstova.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Skakke treng hjelp til renteutgiftene
Med 30 millionar i gjeld, høge rentekostnadar, høge straumprisar og avvikling av gåveforsterkingsordninga, har Skakke problem med å handtera utgiftene. Løysinga kan vera at Etne kommune gir hjelp med lånet.
Dagleg leiar Gøril Eidhammer, og styreleiar Jon Oddvin Moe i Skakke kan stadfesta at noko må gjerast for at Skakke skal ha ei framtid. Etter den turbulente tida med pandemi og enorm auke i både straumprisar og renter, er det ikkje mogleg å handtera utgiftene så sant dei ikkje får leigeavtalar som dekkar dei reelle kostnadane Skakke har eller hjelp med lånet.
— Berre sidan 2021 har renteutgiftene våre stige med éin million kroner, straumprisane har skote i vêret og i tillegg så blei gåveforsterkningsordninga avskaffa då landet fekk ny regjering. Det har gitt oss store utfordringar, seier Eidhammer.
Forhandlar med kommunen
Gåveforsterkningsordninga fungerte slik at staten gjekk inn med 25 prosent av gåvene som blei gitt til Skakke. Om dei til dømes fekk 100.000 i gåve frå eit lag eller ein organisasjon, så gjekk staten inn med 25.000 i tillegg. På det meste fekk Skakke inn 750.000 kroner på eitt år med denne ordninga. På det jamne låg denne summen på rundt 250.000 kroner.
— Når denne ordninga blei avskaffa, betyr det at me må skaffa dei pengane på anna vis, seier Eidhammer.