Ein av dei fem modulene hadde ferdig montert kjøken og vaskerom med kvitevarer.
FOTO: Torstein Tysvær Nymoen
Tema hus og hage
Sette opp huset på éin dag
Karina Aarekol-Johnsen og Kjetil Johnsen bygde hus i Sandeid onsdag den 5. april. Slikt er mogleg når ein bygger modulhus med kvitevarer, kjøken og bad montert på førehand.
Huset kom i fem modular frå Sverige dagane før, og det var minuttlogistikk på byggedagen for å få huset tett innan kvelden. Sjølvsagt var grunnmuren på plass frå før. Den var levert som element sett opp på få timar. Røyrleggjaren brukte to timar på å kobla til vatnet i heile huset og elektrikaren brukte èin arbeidsdag.
Vurderte
Ekteparet med gutane Sander (3) og Markus (6), bestemte seg for å byggja hus på tomta der hennar besteforeldre Signe og Peder Kaldheim bygde hus tidleg på 50-talet. Dei tok ei brei vurdering av ulike hustypar, men fann ut at det å byggja nytt hus i den storleiken dei ynskte fort kom på fem til seks millionar kroner.