Julekoseleg på sildeverkstad
Anne Karin Hårajuvet og Sverre Andersen har stor suksess etter at dei opna ei eiga avdeling av Pensjonistforbundet i Vindafjord i fjor. Dei har fått nasjonal merksemd for matkursa sine, og det var over 30 interesserte til dei 12 plassane dei hadde på julesildverkstaden nyleg.
Det er Geir Rasmussen som er nøkkelperson når det gjeld det matfaglege i det lokale Pensjonistforbundet. Den pensjonerte kokken i Ølen har erfaring både offshore, Kårstø og det velkjende sildabordet i Haugesund.
— Me er veldig heldige som har Geir her, seier Sverre Andersen.
Sildeverkstaden til Pensjonistforbundet er rett og slett ein stad deltakarane kan laga sin eigen julesild. Det er første året i år, men Hårajuvet og Andersen ser at neste år må det bli eit større arrangement.