Anders Sørheim (f.v.), Rune Sørheim, Kjell Thomas Kirketeig, Frank Nordmo, Johannes Silde, Johnny Ødegård, Torleif Stople, Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal, Reidar Berge , Britt Randi Stokkevåg og Rune Furseth under ei markering i 2024 der det er planlagt ein biogassfabrikk på Nerheim.
ARKVIFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Energi
Ser ikkje alternative biogass-lokasjonar
Vindafjord kommune har hatt eit dialogmøte med Biovind AS. Å finne ein annan lokasjon enn industriområdet på Nerheim i Ølen innanfor kommunegrensa blir sett som lite sannsynleg av selskapet.
Møtet blei halde 1. juli som oppfølging av formannskapet sitt vedtak 3. juni, i samband med behandling av høyringssvar frå Vindafjord kommune for Biovind sin søknad om utsleppsløyve for biogassanlegg på Nerheim:
- Parallelt med søknadsprosessen vert kommunedirektøren beden om å gå i dialog med Biovind AS om å vurdere alternative lokasjonar for anlegget.
- Parallelt med søknadsprosessen vert kommunedirektøren beden om å arrangere eit besøk på eit biogassanlegg i drift. Anlegget må vera samanliknbart både når det gjeld storleik og råstoff. Kommunedirektøren kjem tilbake til formannskapet med ein plan for gjennomføring av dette.
— Ingen reelle alternativ