På tampen
Sengavarme
Nytt år, blanke ark og fargestiftar, og ikkje berre det, det er og kulde, snø og månaskin. Stega mine lagar så fin lyd i snøen, på veg inn frå fjosen. Tankane går til farne tider, då det var lys i gamlahuset, og alle dei som levde der ein gong. Besten sat i høgabordsenden på kjøkenet sitt, ei papiravis i fullformat låg flatt på bordet. Sakte bladde han om frå side til side. Og såg tilsynelatande nøye på alt. Kor mykje han las, veit eg ingenting om, og kva han meinte om det han las, sa han heller ingenting om, men då han rekna seg for ferdig med det, såg han seg rundt og spurde – Har du steina sengjo?» Ho som han var gift med skreid då straks til verket, fann seg ei avis og pakka inn dei to teglsteinane som låg og varma seg på Jøtulen. Så tok ho steinane med seg ut på soverommet og la dei i fotenden på kvar si side av senga. Så kunne kvelden koma. Seinare vart det tilgang på elektriske puter og tepper og fotvarmarar dess meira, som var veleigna til å gje slike som har alt, til jul. Men no er huset mørkt og kaldt, stille og rått.
Sjølv sit eg inne i varmepumpevarmen og kosar meg med poddkastar som eg finn på Youtube, medan broren tek seg av brøytinga. Der sit det gjerne to karar i sin beste alder, og vel som det. Dei har mikrofonar framfor seg og høyretelefonar på øyrene. Det er ikkje måte på kompetanse og innsikt, og det verkar som om dei har situasjonen under full kontroll, så etter nokre timar fann eg ut at eg kunne like godt gå meg ein tur. Eg ville ned i Mælandstræet. Eg hadde sett at det rauk or skorsteinen der tidlegare på dagen, og det brukar å vera eit godt teikn. Der vart eg godt motteken med kokte poteter og spekekjøt som var donert av ei ung vegetarianardama frå Stavanger. Etterpå var det mjølkekaker. Så sat me der og underheldt kvarandre med godt landsens preik, gjerne slikt som hadde med dette felles morsfolket vårt å gjera. Me kom inn på den gongen då eit søskenbarn var på overnattingsbesøk i Bonnihuset», og fann senga full av literflasker med varmt vatn. Slik kan det og gjerast. Eg fekk med meg at enno finnest det folk som finn på å hengja ei dyne til varmings framfor ein vedfyrt Jøtulomn, når vetlesystera kjem på besøk. Slikt kan eg lika.
Steinar Aalvik