Her er familien Lygre samla på båten deira, Eunike, som dei skal på jordomsegling med. Sofie (1 år, t.v.), pappa Eirik, Jonas (9), Sonja (4), mamma Annbjørg og Peder (7).
Foto: Anita Haugland
Selde huset i Skånevik for å segla jorda rundt
Datoen er 25. november 2020. Ute er det grått, og regnet høljar ned i småbåthamna på Leknestangen i Skånevik. Draumen om sommar, sol og bading i alle delar av verda ligg framleis eit stykke fram i tid, men for familien Lygre er han nærmare enn nokon gong. Akkurat denne datoen er ein merkedag for familien. Dei har akkurat seld huset, og flyttar inn i båten denne dagen.
— Salet skjedde litt raskare enn me trudde, så difor skal me bu to vintrar i båten, før me legg ut på jordomseglinga, fortel Eirik Lygre (35), som er oppvaksen i Skånevik.
Kona, Annbjørg Lygre (35), kjem opphavleg frå Lindås i Nord-Hordland. Saman har dei barna Jonas (9), Peder (7), Sonja (4) og Sofie (1).