Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Planlagd trasé for Saudatunnelen (stipla linje), mellom Saudasjøen og Frette i Etne, med ny veg i nordenden frå Frette til E134.Illustrasjon: Asplan Viak
Planlagd trasé for Saudatunnelen (stipla linje), mellom Saudasjøen og Frette i Etne, med ny veg i nordenden frå Frette til E134.Illustrasjon: Asplan Viak

Saudaveg: — Vil gi ein ny region, ein som ikkje finst i dag

Publisert Sist oppdatert

Den gamle tanken om ein veg via tunnel nordvestover til Frette i Stordalen med tilknyting til E134 i Etne kommune lever stadig i Sauda. Nå har næringsutviklingsselskapet Sauda Vekst har fått utarbeidd modellutrekningar av vegprosjektet som omfattar ein 11,8 km lang tunnel og tre km ny veg frå Frette til E134 som viser at ei slik investering er samfunnsøkonomisk lønsamt.

Ifølge lokalavisa Ryfylke er kost/nytteutrekninga for vegprosjektet det mest oppsiktsvekkande i rapporten. Den viser ein positiv samfunnsnytte i storleiksorden 590 millionar kroner. Saudaordførar Asbjørn Birkeland er godt fornøgd med innhaldet i rapporten laga av Asplan Viak.

— Dette eit kvalitetssikra produkt, laga av folk som arbeider med samfunnsanalyse. Det betyr mykje når dei kjem fram til at dette prosjektet står litt i særklasse grunna den store samfunnsnytten. Eg håpar denne rapporten kan hjelpa oss til å få mange også utanfor Sauda til å forstå at dette er eit godt prosjekt, at tunnelen vil bygga ein ny region, ein som ikkje finst i dag, seier Birkeland til Ryfylke.

Powered by Labrador CMS