Satsar på småhus
Kari AakraI 2005 etablerte eigedomsmeklar Ole Kristian Solberg i Drammen eit ferdighusselskap etter nytt byggjekonsept. […]
Kari Aakra
I 2005 etablerte eigedomsmeklar Ole Kristian Solberg i Drammen eit ferdighusselskap etter nytt byggjekonsept. Etter lang fartstid i bransjen, fann han at det var ei behov for mindre frittliggjande hus på eigedomsmarknaden. Løysinga blei Minibo; småhus med grunnflate mellom 50 og 60 kvadratmeter, to etasjar og konsentrert løysingar for alle basisbehov i eitt bustadhus.
Seks Minibo-avdelingar i Noreg var på plass i oktober, og på slutten av månaden kasta også Lars Olav Bergsvåg seg på som forhandlar i Etne og Vindafjord.
Dei er verken plasskrevande eller særskilt høge i pris. Husa kan romma opptil tre soverom, og har dei same funksjonar og fasilitetar som vanlege bustadhus. Storleiken utgjer ingen hinder forbustadfunksjonane; Kjøken, bad, stove og soverom i første etasje, i tillegg til nok eitt bad og fleire soverom i andre etasje.
Nokre av modellane opnar også for at berre hovudetasje blir innreia først, deretter tar ein førsteetasjen på seinare tidspunkt, dersom behovet og økonomien gir rom for det. Andre modellar er for to- og firemannsbustader, og moglegheiter for hyblar i kjellaren. Husa kan også byggjast som elementhus. Minibo har også utvikla ein av modellane for tilrettelegging for elitegrupper.
Bergsvåg trur husa kan løysa fleira problem for framtidige husbyggjarar.
— Mange ønskjer seg hus, men har verken råd eller tomt. Då blir løysinga ofte leilegheiter. Minibo-husa kan vera ideelle alternativ til dette. Situasjonen i Etne slik han er nå, gjer det vanskeleg for mange til å få løyve å byggja. Med slike små hus, kan ein utnytta betre dei tomtene som finnest, utan å måtta søkja om endå større areal. Desse kan hjelpa til med fortetting sentrum, dersom folk ønskjer å busetja seg der, meiner Bergsvåg.