Tor Sørhus (t.v.) og Torgeir Sørhus i Sørhus Sal & Transport har kjøpt to lastebilar av Rune Pedersen, som styrte Husøy Frakt AS fram til nyttår. Scania-bilen til høgre et utt bytta ut med ein nyare Scania.
SØRHUS AS
Satsar med nye lastebilsar
Satsar med nye bilar og ruter
Ved nyttår kjøpte Sørhus Sal & Transport (Sørhus AS) dei to bilane og køyringa til Husøy Frakt AS. Det er to trekkbilar med både opne og lukka trallar, som skal gå i både langtransport og lokal køyring.
— Me gler oss til vegen vidare, og ser at me
jammen har litt å finne på med totalt åtte bilar som skal rulle og gå, skriv
Sørhus Sal & Transport (Sørhus AS) i eit Facebook-innlegg.
Familiebedrifta i
Blikrabygda feira 90-årsjubileet sitt med open dag i november. Selskapet skriv
at dei har hatt ei tid med spennande avgjerder det siste halvåret. Dei har satsa op kraftfôr og landbruksutsal i mange år og synest at det blir spennande å prøve noko nytt.
Med dei to trekkbilane
og køyringa til Husøy Frakt AS skal dei samarbeide med mellom anna Transport
Sentralen Nord-Rogaland (TNR).