Har starta i ny og spennande jobb. Anita Nygård likar seg best ute på tur.
Foto: PrivatFOTO: Privat
Samla jobb og livsstil
Denne månaden starta Anita Træet i draumejobben som friluftsrettleiar i Norges Jakt- og Fiskeforbund i Rogaland. Det er tydeleg at ho brenn for natur og friluft og har hamna i rett jobb.
Stillinga blei lyst ut grunna eit auka behov for friluftsrettleiarar i organisasjonen. Saman med ein annan kollega fordelar dei ansvaret nord og sør for Boknafjorden, utan at det er ei avgrensing. Anita Træet er nok over gjennomsnittet opptatt av natur og ønskjer å vidareføra kunnskapen om aktivitetar basert på hausting til generasjonane som kjem.
— Me lærte jo alt frå foreldra våre, men sånn er det ikkje lenger, fortel Træet.
Via jobben tar ho kontakt med skulane i distriktet for å organisera aktivitetsdagar for elevane og er fullbooka fram til november. Den nygifte vatsbuen er opptatt av å ta vare på den lange tradisjonen me har i landet som ho seier er viktig for ei berekraftig utvikling.