Samferdselsministeren fekk sjå Bakka-Solheim på nært hald
På ein busstur mellom Aksdal og Bakka i Etne, fekk samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) både sjå og høyre om behovet for fornying av infrastrukturen.
Før bussturen var ein heil delegasjon samla til samferdselsfrukost på Tysværtunet torsdag morgon, der tema for dagen var grønt industriløft. Kjell Inge Davik i Statens vegvesen og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) var blant dei som fekk tale til forsamlinga. Fleire av dei frammøtte hadde håp om at det kunne komme lovnader om pengar til lokale vegprosjekt. Ministeren starta innlegget med å seie at det har naudsynt å gjere tøffe prioriteringar i statsbudsjettet for 2023.
— Det er ikkje til å komme vekk i frå at me står i ein ekstraordinær situasjon. Det er krig- og energikrise i Europa, og prisane på det aller meste stig i veret. Samferdselssektoren blir prega av dette på den måten at me må ta omsyn til den tida me lever i, sa Nygård i møtet.
Han fortel at nettopp dette er forklaringa på at det ikkje har blitt sett i gong nye, store veg- og jernbaneprosjekt på over 1 milliard kroner.