10 Kjappe og bankopning i Etne.
I kontortida er Siri Tungesvik Vestbø tilbake i heimbygda.

Ringen er slutta

Siri Tungesvik Vestbø visste ikkje heilt kva ho skulle slå inn på, men russepresidenten for ølensrussen 2007 visste i alle fall at ho skulle bort frå bygda og ut i verda. Tilfeldige hendingar sende henne utanlands nokre år, før ho hamna i Oslo til reiselivsstudium og hotellbransjen.

Publisert Sist oppdatert

Ho sette seg høge mål, og var på god veg til å bli hotelldirektør før ho fylte 30 år. Slik kunne Siri Tungesvik Vestbø ha hamna i Danmark eller Sverige, men likevel vende ho nasen heimover fordi ho sakna familie og venner. Ho identifiserte framleis som hotelier, men skifta over til bank. Serviceorienteringa tok 34-åringen med seg, og trur det er viktig at bankkundar skal merka at det kan vera triveleg å koma innom for ein prat. Så ti år seinare føler ho at det er finansrådgjevar ho eigentleg er.

Ho legg vekt på gleda over å kunna bidra i gode hendingar i folks liv, og likar å få treffa mange ulike menneske. Ho synest det nesten er litt komisk å tenka på at ho som berre vil vekk og ut som ungdom, nå har fått vore med på å skapa sin eigen arbeidsplass i heimbygda Etne.

— Kva er di sterkaste side?

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS