Sentralbanksjef Øystein Olsen og rentekomiteen i Noregs Bank held som venta styringsrenta uendra på null prosent. Foto: Berit Roald / NTB / NPK
Sentralbanksjef Øystein Olsen og rentekomiteen i Noregs Bank held som venta styringsrenta uendra på null prosent.

Renta blir liggjande på null prosent

Alt går tilsynelatande etter planen i norsk økonomi, sjølv om nye virusvariantar skaper uvisse for Noregs Bank. Om ein månad skal styringsrenta truleg opp.

Publisert Sist oppdatert
Den økonomiske utviklinga har vore om lag som anslått i junirapporten. Gjenopninga av samfunnet har gitt ein markert oppgang i aktiviteten, og arbeidsløysa har falle vidare.

— Slik vi no vurderer utsiktene og risikobiletet, vil styringsrenta mest sannsynleg bli sett opp i september, seier sentralbanksjef Øystein Olsen om renteavgjerda som vart offentleggjord klokka 10 torsdag.

Det var på førehand venta at komiteen for pengepolitikk og finansiell stabilitet ville halde styringsrenta uendra. Den har vorte halden på null prosent sidan 7. mai i fjor.

Økonomar NTB har snakka med, kjenner seg sikre på at renta skal opp fire gonger dei neste tolv månadene – to gonger før nyttår og to gonger i første halvår neste år – slik at den neste sommaren ligg 1 prosentpoeng høgare enn i dag.

Uvisse om nye variantar

— Komiteen meiner framleis det er behov for ein ekspansiv pengepolitikk. Samtidig er forholda i økonomien i ferd med å normaliserast. Det tilseier at det snart vil vere riktig å heve styringsrenta frå dagens nivå, seier Olsen.

Den vidare utviklinga til pandemien og verknaden han vil ha på norsk økonomi, er likevel framleis ein betydeleg joker. Samtidig som høg vaksinasjonsgrad reduserer behovet for smitteverntiltak, meiner rentekomiteen ein ikkje kan sjå bort frå at nye virusvariantar vil gjere det nødvendig med nye innstrammingar.

Den underliggjande inflasjonen har minka og er under målet på 2 prosent. Auka aktivitet i norsk økonomi tilseier at inflasjonen etter kvart vil ta seg opp, ventar sentralbanken.

Ventar kjøligare bustadmarknad

Komiteen la vekt på at låge renter bidreg til å bringe produksjon og sysselsetjing raskare tilbake mot meir normale nivå. Det reduserer faren for at arbeidsløysa festar seg på eit høgt nivå og bidreg til å føre inflasjonen tilbake mot målet.

Eigedomsmeklarane ventar at prispresset i bustadmarknaden vil minke over heile landet når normaliseringa av rentenivået etter alt å dømme startar om ein månads tid.

— Det eintydige signalet frå sentralbanken om moderat renteheving frå september bidreg til avkjølinga av bustadmarknaden. Dette gjer det noko enklare å etablere seg i bustadmarknaden, og vi forventar at delen førstegongskjøparar vil auke vidare gjennom hausten, seier administrerande direktør Carl O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforbund.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS