Kong Magnus får kanskje natursteinsmur rundt sokkelen.
Rekrutteringsbyrå tek skulda for habilitets-tabbe
Madsen og Brekke AS tek på seg all skuld for at tre personar i Etne kommune sitt rekrutteringsutval, med ordførar Siri Klokkerstuen (Ap) i spissen, blei sett sjakk matt i arbeidet med å finne ny kommunedirektør.
Det er eit politisk valt rekrutteringsutval som har fått mandat til å leie prosessen som skal munne i ei innstilling til kommunestyret med namnet på personen som dei meiner bør få jobben som kommunedirektør. (Tidlegare rådmann, red. merknad).
Utvalet har bestått av politikarar, representantar for leiarar, representant for dei tilsette sine tillitsvalde og ein sekretær. Etter ein anbodsrunde, kor mellom anna tidlegare erfaring med å rekruttere kommunale toppleiarar var eit krav, engasjerte dei rekrutteringsverksemda Madsen og Brekke AS til å hjelpe til med å finne riktig person til stillinga.
Referanse-bommert