Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK

Rekordstore potetlager i Noreg – særleg småpoteter

Tilgangen på norske poteter er større enn på fleire år, viser Landbruksdirektoratets første lagerteljing for sesongen.

Publisert Sist oppdatert

Ved inngangen til november var det om lag 190.000 tonn poteter på lager her i landet, ein auke på over 20 prosent frå i fjor og nær 50 prosent frå 2023.

Rundt 30 prosent er konsumpoteter som blir selde i butikk, medan resten blir brukt i industrien til mellom anna pommes frites og potetgull.

Den største auken gjeld småpoteter, som har vorte stadig meir populære blant forbrukarane. Det ligg no rundt 7.500 tonn småpoteter på lager, meir enn 60 prosent fleire enn i 2024 og tre gonger så mykje som i 2023, opplyser Landbruksdirektoratet.

Etterspurnaden etter bakepoteter aukar òg. Produksjonen er framleis avgrensa, men gradvis veksande – med rundt 350 tonn på lager, ein auke på 30 prosent frå i fjor.

(NPK)

Powered by Labrador CMS