Gjestgjevargarden i Skånevik Arkivfoto
Rekordstor tildeling frå SØK
Skånevik Ølen Kraftlag (SØK) deler i desse dagar ut meir enn 2,5 millionar kroner til lokale utviklingstiltak og allmenne føremål i Ølen og Skånevik.
Styreleiar Gunnar Dalen fortel at ei ekstraordinært godt år i Haugaland Kraft er årsaka til det store pengedrysset.
— Me i SØK fekk dermed eit rekordstort utbytte på vel 10,4 millionar kroner, opplyser Dalen og forklarar med det kvifor dei kunne vera ekstra sjenerøse med tildelingane i år. I fjor delte dei til samanlikning ut 1,8 millionar.
Til lokale tiltak