Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Regntung natt

Publisert Sist oppdatert

Det regna kraftig både i natt og i morgontimane torsdag mange stader i distriktet.

Ved målestasjonen i Vats vart det målt 30,7 millimeter nedbør dei siste 24 timane fram til klokka 7 i dag tidleg. Det slår likevel ikkje torsdag sist veke då det vart målt 41,6 mm nedbør ved den same stasjonen. Størst nedbørsmengd per døgn så langt i år er 63,6 mm, det vart registrert 2. oktober.

Også i Etne har regnet slått i bakken natt til torsdag. Klokka 07.00 torsdag morgon vart det registrert 8 mm nedbør ved målestasjonen og klokka 05.00 torsdag viste målingane 7,4 mm nedbør. Til saman i løpet av dei siste 24 timane fram til klokka 07.00 falle det 32,2 mm i Etne.

Powered by Labrador CMS