Mykje nedbør på Hundseid gir stor elv i Vikedal. Her Opsalsfossen på ein av sine strie dagar.ARKIVFOTO: ARNE FRØKEDAL
Mykje nedbør på Hundseid gir stor elv i Vikedal. Her Opsalsfossen på ein av sine strie dagar.

Regn nesten kvar dag i oktober

Hundseid i Vikedal var våtast i distriktet, medan Eikemo i Åkrafjorden hadde mest regn i forhold til normalen.

Publisert Sist oppdatert

Som dei fleste har registrert blei oktober ein regntung månad og nesten utan opphaldsvêr. — Tredje våtaste oktober på 120 år, er Meteorologisk institutt si oppsummering av månaden som nett er tilbakelagt.

— Oktober blei både mild og våt for landet som heilheit. Fleire fylke i Sør-Noreg fekk meir enn dobbelt så mykje nedbør som normalt. På landsbasis fall det 50 prosent meir nedbør enn normalt. Månaden er den tredje våtaste oktober-månaden i ein serie som går tilbake til 1900, oppsummerer instituttet med sitt breie nettverk av målestasjonar rundt om i heile landet.

Våtast var det ved fleire stasjonar i Vestland fylke, kor heile åtte av desse sette rekord for høgaste månadsnedbør registrert i oktober. I Trøndelag blei det sett ti tilsvarande rekordar. I Viken blei det sett fem rekordar for høgaste nedbørsmengde målt på eitt døgn i oktober.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS