Statsminister Jonas Gahr Støre under pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen.
Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Regjeringa stramar grepet
NPK-NTB: For å behalde kontrollen med pandemien må det setjast inn nye og strengare tiltak no, seier statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).
— No er situasjonen med smitte så alvorleg at vi må setje inn nye tiltak for å halde kontroll med pandemien, sa statsministeren på ein pressekonferanse tysdag kveld.
— Faren for å overbelaste helsetenesta, og spreiinga av den nye omikronvarianten gjer det nødvendig med nye, strengare tiltak, sa han vidare.
Han understreka at vi framleis veit lite om omikron, men at mykje tyder på at han er meir smittsam enn tidlegare variantar.
Natt til torsdag 9. desember klokka 24 trer det nye koronapåbodet til regjeringa og -tilrådingar i kraft.
Det gjorde helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) klart på koronapressekonferansen på tysdag.
Frå då stengjer skjenkjekranene ved midnatt, det blir bordservering på serveringsstader, det blir innført nasjonalt munnbindpåbod, og meteren blir gjeninnført, mellom anna.
Dermed må barar og skjenkestader halde dørene og ølkranene stengt når klokka slår 24.
Den nasjonale skjenkjestoppen ved midnatt vart etter å ha vore innført ein lang periode vinteren og våren 2021, oppheva søndag 20. juni, medan han i Oslo vart verande vel ei veke til.
Sidan den gong har det vore ope for skjenking, men no skal altså kranene igjen stengjast klokka 24. Meteren blir gjeninnført på skjenkestader.
I tillegg kan alkohol berre serverast ved borda, og det skal vere sitjeplass til alle.
Kan bli ytterlegare tiltak
Trafikklysmodellen kan vere på veg tilbake i skulane. Regjeringa ber kommunane førebu seg på gult nivå.
Det sa statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen tysdag der nye tiltak vart lagt fram.
Nasjonale påbod
Regjeringa innfører no påbod om munnbind når det ikkje er mogleg å halde minst éin meters avstand ei rekkje stader.
Stadene munnbindpåbodet gjeld, er mellom anna i butikkar, på serveringsstader og i kollektivtransport.
Tilrådinga om munnbind gjeld òg på arbeidsplassar der det ikkje er mogleg å halde avstand, med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar, som skiljevegger og liknande.
Munnbind på arbeidsplassen gjeld ikkje for tenester der dette er til hinder for at tilsette kan utføre nødvendige og lovpålagde oppgåver i møte med sårbare grupper og barn og unge.
Maks ti får samlast i private heimar – 20 på julaftan og nyttårsaftan
Det blir avgrensingar på kor mange som kan samlast i samankomstar i private heimar.
Det er eitt av dei nye koronatiltaka regjeringa la fram tysdag. Berre ti og 20 personar får vere til stades i private samankomstar i heimen.
Dermed ligg det an til at førjulstida i år òg blir annleis for familiar som vil samlast i større juleselskap, slik som i fjor.
I fjor var det eit råd om at ein ikkje burde ha meir enn fem gjester i tillegg til sin eigen husstand.
Maks 20 på trening innandørs for vaksne over 20 år
Vaksne over 20 år skal ikkje vere meir enn 20 personar når dei driv organisert trening innandørs. Barn og unge og toppidretten blir skjerma.
Det opplyste statsminister Jonas Gahr Støre på pressekonferansen på tysdag.
Sjølv om det blir innført ei anbefalt maksgrense på mengd som kan trene samtidig, blir det ikkje krav om éin meters avstand.