Tettare på
Ragnhild orka ikkje meir – og tok livet sitt
September er ein vanskeleg månad for Sigmund og Annbjørg Lunde i Ølensvåg, og datoen 7. september er heilsvart. For nøyaktig tre år sidan tok dottera Ragnhild livet sitt, og blei med det ein av 639 personar som tok sjølvmord i 2020.
Det er ikkje så ofte det svarte pianoet i stova til Sigmund og Annbjørg Lunde på Kåta i Ølensvåg er i bruk lenger. Før var det i bruk både titt og ofte, og musikk frå både 2-hendig og 4-hendig pianospel fylte opp rommet, og sjangrane varierte ofte mellom vakker, trist, glad, avansert, lekande og litt rolpete» musikk. Dei siste tre åra har det stort sett vore stille. Både fordi minna frå pianospelet er så mange, så gode, så såre, men også fordi to av hendene som spelte piano er borte. Borte for alltid. Dottera Ragnhild (25) er ikkje meir. Ho tok livet sitt.
— Takk for alt. Unnskyld
Spolar ein tida nøyaktig tre år tilbake, er 7. september 2020 ein heilsvart dag. Regnet auser ned, dagen har blitt til kveld og i tunet på Kåta står Sigmund, Annbjørg, sonen Knut og svigerdotter Silje. Ettermiddagen og kvelden har vore surrealistisk. Ragnhild er sakna og rundt dei står ein stor flokk menneske som har vore med for å leita etter jenta deira. Politi og andre leitemannskap er også involverte. Desperasjonen er uuthaldeleg. Det hastar, for foreldra har funne ei handskriven melding på rommet til Ragnhild: Takk for alt. Unnskyld»
Seinare skulle Sigmund også finna ei lang melding på telefonen hennar, der det stod: Unnskyld alle saman. Eg forstår at eit unnskyld er verdilaust i forhold til det eg no har gjort, men eg er i alle fall veldig lei meg. Lei meg for å vera uærleg, lei meg for å påføra dåke dette. Det var den eine tingen eg ikkje skulle gjera, men eg orkar ikkje meir….»
Mens dei står på tunet kjem beskjeden: Det er gjort funn, og nettopp dette augeblikket blir det absolutt svartaste i livet.
— Det var tungt! Eg kikka inn i 30-40 par svarte auge som forstod at det ikkje var vits i å leita meir. Alle som stod der og sørgde med oss forstod så alt for godt at dei ikkje kunne hjelpa oss med å få jenta vår tilbake, seier Sigmund.
468 menn – 172 kvinner
Ragnhild blei dermed ein av 639 personar som tok livet sitt i 2020. 467 menn og 172 kvinner.
— Som foreldre er prosjektet vårt å halda ungane våre i live. Så klarte me ikkje det. Det er så uendeleg tungt. Eg kjenner meg knust. Det er heilt umogleg å skildra eller forklara smerten, seier Annbjørg.
Sjølvmord råkar så mange fleire enn berre dei som døyr. I gjennomsnitt blir om lag 10 personar råka for kvar person som vel å ta livet sitt. Det betyr at kvart år blir mellom 6.000 og 7.000 personar råka som næraste pårørande. I tillegg til næraste familie er det også utvida familie, kjærastar, og venner som har knytt sterke band til personen som går ut av tida.
— Det er mange som har det veldig vondt etterpå, og eg anbefaler på det sterkaste å søkja hjelp. Det triste er berre at det ikkje er så lett å koma til. Dei etterletne er også ei risikogruppe, og derfor meiner eg at det burde vore eit breiare standardforløp for etterlatne etter sjølvmord, seier Annbjørg. Ho legg til at kommunen sitt kriseteam stilte opp same kveld, og det var fint. Likevel har mange bruk for hjelp også på lengre sikt.
— Det ikkje er så enkelt å ta initiativ når ein er så langt nede. Då har mange behov for at det skal vera eit tilbod og eit opplegg rundt dei, seier ho.
Det var tungt! Eg kikka inn i 30-40 par svarte auge som forstod at det ikkje var vits i å leita meir
Ei jente med ressursar
Ragnhild blei fødd på Haugesund sjukehus i mars 1995, som nummer tre i ein søskenflokk som til slutt skulle bli fire. Storebror Torb var sju år eldre, Knut tre år eldre og 22 månadar etter at Ragnhild blei fødd, kom veslesøster Serine til verda. Det var liv og røre i heimen på Kåta, og rundt dei budde både besteforeldre, tanter, onklar og fleire søskenbarn.
På skulen opplevde Ragnhild at ho meistra. Ting var lett, og bestemora sa ein gong at ho hadde fått så mykje». Ho fekk gode karakterar på skulen, ho elska fotball, handball, klatring, og volleyball. Ho klarte seg veldig godt på fotballaget, og var ein periode einaste jente på gutelaget, i tillegg til at ho også spelte på jentelaget og håndballaget. Ho var musikalsk og spelte piano på gehør. Det meste var lett for Ragnhild.
Etter ungdomsskulen gjekk ho tre år på Lundeneset, og etter russetida gjekk ho rett inn på medisinstudiet.
— Ragnhild kom inn på medisinstudiet i Pech i Ungarn, men gjekk første året i Oslo, seier Annbjørg.
Ho var enormt reflektert, var svært opptatt av rettferd og hadde ein imponerande arbeidskapasitet. Ho blir også omtalt som morosam, full av idear, og det var ofte mykje lått og løye rundt Ragnhild. Ho var også svært omsorgsfull, og det hadde ho ein tatovering som symboliserte; to omfamnande hender. Ho lyste opp og gav mykje av seg sjølv.
På medisinstudiet klarte ho seg også godt. Ragnhild var også flink til å ta vare på vennene sine. Nokre frå barneskulen, fleire frå vidaregåande, frå medisinstudiet og andre ho har møtt på vegen. På vidaregåande blei ho kjærast med Erik som ho var saman med i mange år, før det blei slutt. Det siste halve året før ho døydde, var ho saman med Claudio frå Italia, som studerte i Oslo dette året.
Etter fire år på legestudiet tok Ragnhild seg eit friår. Første del av friåret jobba ho på Haugesund sjukehus for å opparbeida seg pengar til å finansiera ei lengre utanlandsreise på fire månadar, og rett over nyttår i 2019 reiste ho til Taiwan for å vera saman med kjærasten som hadde eit utvekslingsår der. Då reiste ho åleine rundt om i India i ein heil månad, før ho saman med kjærasten reiste til basecamp Mount Everest. Då ho kom heim igjen frå reisa i april var ho oppglødd og sat igjen med mange gode minne.
— Sommaren dette året blei ei fin tid i lag med familien.
Inngripande depresjon
Annbjørg trur Ragnhild byrja å kjenna på at ikkje alt var som det skulle, i september 2019, og i oktober begynte foreldra også å forstå at dottera ikkje var heilt seg sjølv. I løpet av kort tid blei Ragnhild råka av tung, inngripande depresjon og i november tok ho pause frå studiane i Ungarn, og reiste heim.
— Då Ragnhild kom heim hadde ho det ekstremt tungt. Ho var ikkje berre litt lei seg», men ho såg ikkje lys i tunnelen. Ein alvorleg psykisk sjukdom hadde råka henne, og ho såg ikkje inn i noko anna enn eit stort svart mørke, seier Annbjørg.
Gjennom vinteren gjorde foreldra alt i si makt for Ragnhild. Dei kopla på helsevesenet, dei byta på å vera heime i saman med henne, dei passa på godt kosthald, daglege trimturar, riktig døgnrytme, og sosiale aktivitetar. I januar starta Ragnhild så vidt å smila igjen. Dei neste månadane hadde ho det langt bedre, men i mai stupte 25-åringen igjen inn i eit nytt stummande og langvarig mørke. Eit mørke ho til slutt ikkje orka å leva med, og 7. september 2020 tok ho livet sitt.
Tap av identitet
Å mista eit barn er ei ekstrem sorg, eit umenneskeleg sakn, og tap på alle måtar. Det er altoppslukande og det gjer forferdeleg vondt. Sorg blir ein følgjesven som stel glede frå dei gode stundene, og som gjer dei tunge stundene endå tyngre.
— Dei fine dagane som før berre ville vore glade dagar, får denne følgjesvenen. Du får ikkje vera glad i fred. Glede er ikkje lenger som det var, seier Annbjørg.
Sorg er også tap av identitet. Før var Annbjørg og Sigmund foreldre til fire. Er dei framleis det? Eller har dei tre barn? Før hadde Serine ei storesøster. Har ho framleis det? Har Torb og Knut éi eller to søstrer?
— Det har vore tøft for du er trass alt mor til dei tre som lever også. Det er utruleg tungt at dei skal oppleva så dramatiske ting i livet sitt, seier Annbjørg.
I minst eitt år etter at Ragnhild døydde følte både Sigmund og Annbjørg at andre tenkte der er foreldra til ho som tok livet sitt». Enten det var på butikken eller andre stader.
— Eg føler folk i sorg blir utsett for eit visst press av samfunnet på korleis ein skal sørgja. Det er ei forventning til korleis sorgprosessen skal vera, og identiteten vår blir snudd og rokka ved, seier Sigmund.
For familien har sokneprest Kari Vik Stuhaug vore fantastisk, og ho sa tidleg noko som skulle bety mykje for både Annbjørg og Sigmund. Sorg er eit rom i mitt hus der det eg tapte likevel er» Slik opplever dei det også. Likevel er dei redde for å miste meir. For eksempel gode minne, som er så viktige.
— Eg er så livande redd for at eg skal gløyma ut lyden av den gode latteren hennar, seier Annbjørg
Den vonde skuldkjensla
Å oppleva at ein nær og kjær person tar livet sitt, fører ofte til at dei som står igjen, klandrar seg sjølve.
— At Ragnhild var sjuk har hatt ein formildande effekt for min del, i forhold til den skulda me legg på oss om kvifor me i alle dagar ikkje klarte å forhindra dette. Annbjørg har ikkje kjøpt seg heilt inn i dette, og synest skuldkjensla er tung å leva med, seier Sigmund.
Annbjørg har erkjent at ho ikkje kjem til å få bort den vonde bebreidinga ho legg på seg sjølv.
— Det er slikt eit strev, men eg har kome fram til at eg må læra meg å leva med det. Sigmund har vore fantastisk for meg og har gjentatt tusen gonger at Ragnhild var sjuk. Og det er bra for meg. Nokre får kreft og døyr av det, nokre døyr i trafikkulukker og Ragnhild blei sjuk og døydde av det. Kvar gong Sigmund seier dette, hjelper det litt, seier Annbjørg.
Det som tyngjer henne er mellom anna at dei burde utfordra helsevesenet meir. Samtidig som dei kjente seg fortvila når Ragnhild var sjuk, hadde dei massevis av krefter igjen. Foreldra var klare til å kjempa med nebb og klør for å hjelpa dotter si, og dei hadde så vidt begynt på ei lang liste av tiltak som dei saman med Ragnhild ville prøva ut. Dei var optimistiske og var sikre på at dette skulle gå bra til slutt.
Misforstått teieplikt
I tida då Ragnhild var sjuk opplevde Sigmund og Annbjørg at det eksisterer ei misforstått oppfatning av teieplikta. Dei er einige i at teieplikta er viktig og at kvar og ein skal møtast med verdigheit og respekt. Likevel er det fleire ting dei vil setja fingeren på.
— Helsevesenet skal sjølvsagt ikkje fortelja oss noko som Ragnhild ikkje ville dela, det er me heilt einige om. Det er ikkje lovverket me skal diskutera her, men det er måten helsevesenet og særleg psykiatrien praktiserer dette lovverket. Helsevesenet burde rettleia oss pårørande slik at me i fellesskap med Ragnhild kunne laga eit opplegg som gjorde at ho hadde optimale forhold til å bli frisk så fort som mogleg. Helsevesenet burde brukt oss for alt me var verd, og henta oss inn som ein ressurs. Hadde dei gjort det hadde dei også treft betre på diagnose, dei hadde treft betre på behandling, og dessverre så bomma dei på begge deler, seier Annbjørg.
Kvifor så stabile tal?
Det er tre grunnar til at Sigmund og Annbjørg har gått med på å fortelja historia om Ragnhild. Det handlar om openheit, det handlar om å bidra til større kunnskap og læring rundt sjølvmord, og det handlar om større fokus på psykisk helse. I tillegg handlar det også om politisk vilje og handlekraft. Det er auka fokus på psykisk helse, likevel er det altfor mange unge og vaksne som ikkje får nødvendig helsehjelp i tidleg fase. Samanliknar ein med dødsofra i trafikken, kan ein sjå effekt av mange tiltak som er sett inn og dødstala har gått kraftig ned.
— Kvifor går ikkje sjølvmordstala ned? Dei har vore stabile i fleire tiår, og dei mest effektive medisinane for enkelte lidingar har eksistert uforandra i 50-60 år. Eg som går på hjartemedisin har byta medisin to gonger berre på 15 år, og innan kreftbehandling er det også ei rivande utvikling. Kvifor er det ikkje slik når det kjem til psykiske lidingar også? Det er trist at ikkje kvart einaste sjølvmord blir gjenstand for læring, seier Sigmund.
Han presiserer at det er uinteressant å plassera skuld for dei får ikkje Ragnhild tilbake av den grunn, men det må vera moglegheit for læring!
Belastande prosess
Berre ei veke etter gravferda til Ragnhild blei foreldra kontakta av Statens helsetilsyn som sa dei ville føra tilsyn med oppfølginga av Ragnhild, for dei var kjende med at ho hadde tatt livet sitt. Helsetilsynet lurte på om Sigmund og Annbjørg kunne bidra til dette. Begge to var einige i at dersom dette kunne bidra til læring, var dei sjølvsagt villige til å vera med på det.
Prosessen med helsetilsynet blei svært belastande for begge to, for etter at dei hadde opplyst om ting dei reagerte på, peika på betydelege punkt dei meinte var systemsvikt, og om forholdet helsevesenet hadde til dei som pårørande, opplevde Sigmund og Annbjørg at instansen ikkje var interessert i å ta lærdom av dette. Statsforvaltaren konkluderte til og med skriftleg med at dei ikkje kunne sjå at det var klare læringspunkt i saka». For Annbjørg og Sigmund er dette uforståeleg, når det verst tenkelege skjedde.
— Det er mange som nå står på for både forsking og tiltak som kan førebyggja, og alle skritt som kan redusera talet på sjølvmord, er viktige.
Vanskeleg tematikk
Å forska på sjølvmordstal er ikkje lett. For i motsetning til forskingsprosjekt innan kreft og kreftbehandling, der det er lett å få pasientar med kreftdiagnose til å vera med på å testa ut ny kreftmedisin, er det ikkje lett å få dei med sjølvmordstankar til å melda seg til nytesting av behandling. Foreldra meiner psykisk helse ikkje har vore eit høgt nok prioritert forskingsområde, men det er minst like viktig å finna gode behandlingsmetodar og kva som er med å førebyggja.
— Det er ein vanskeleg tematikk, seier Sigmund.
Som foreldre var dei tidleg ute med å spørja helsevesenet om kva dei kunne gjera for å hjelpa dotter si. Både Sigmund og Annbjørg stod parat til å hjelpa Ragnhild, men fekk berre til svar at dei burde kontakta fastlegen om dei trengte nokon å snakka med.
Foreldra følte seg avvist av dei som behandla Ragnhild, og opplevde at fagfolka ikkje ønskte å snakka med dei, og gi dei råd i saman med Ragnhild slik at dei i lag kunne byggja eit opplegg som var så optimalt som mogleg. Sigmund og Annbjørg er sikre på at dei pårørande i saman med personen som er sjuk og som kan påverka faktorar, kan bidra i rett retning.
— Eg har møtt mange nå i ettertid som fortel om nære familiemedlemmer som dei er redde for, og som dei ikkje får hjelpt grunna denne misforståtte teieplikta, seier Annbjørg.
— Det er brutalt å bli avvist, når me ber spesialisthelsetnesta om råd til korleis me kan hjelpa. Det er ganske håplaust, seier Sigmund.
Systemsvikt
For foreldra er det vanskeleg å forstå at ein pasient som er sjuk i styringssystemet sitt, likevel får så stort ansvar for å bestemma behandlingsprosessen. At organet som skal ta dei beste vala for livet, og som er råka av sjukdom, likevel skal bestemma kor vegen går vidare. Det er jo nettopp det ein treng hjelp til. Her meiner foreldra at det offentlege har ein systemsvikt i forhold til å spela på lag med dei som vil og kan hjelpa til. Når ein blir råka av kreft inviterer gjerne kreftlegen til samtale både med pasient og pårørande, han lyttar til symptomer, gjer undersøking og stakar ut ei behandling frå den kunnskap som er tilgjengeleg. Men innan psykisk helsevern blir alt plutselig så hemmeleg.
— Det naturlege er å drøfta situasjonen sin med dei næraste, men når ein er råka av alvorleg psykisk sjukdom, som også kan vera dødeleg, ja då skal den enkelte vera åleine med behandlingsapparatet. I ein situasjone der pasienten meir enn nokon treng støtte og hjelp frå dei næraste. Det er ein utruleg rar strategi, seier Annbjørg.
Den viktige openheita
Å vera opne om tragedien som råka familien har vore til stor hjelp. Det har vore viktig å laga seg eit rom der dei har lov til å snakka om Ragnhild, for både familien og for dei rundt. For foreldra er Ragnhild med kvar einaste dag, og gjerne i små og store avgjerder. Det hadde ho også likt, om ho levde.
— Dei første dagane etter at Ragnhild døydde opplevde me bygda på sitt beste. Folk kom med kaker, pizzabollar, lappar, eit hav av blomster, meldingar og sjølv om det ikkje kunne trøysta, var det utruleg fint å sjå at folk bryr seg, seier Annbjørg.
Dei er også heldige som har ein fantastisk familie rundt seg som stilte opp på alle moglege måtar. Nære venner har stilt opp og tatt initiativ til tur og samtalar, det har vore viktig og verdifullt.
— Me fekk kjenna på det fine ved å stå saman når det verkeleg røyner på. Dei nærmaste var trass alt også råka ved å ha mista niese og søskenbarn, seier Annbjørg.
Allereie dagen etter dødsfallet var Sigmund og Knut innom på jobb på Omega i Ølensvåg, og sjølv om dei framleis var i sjokk, var det godt.
— Folk lurer jo veldig på kva dei skal seie første gong dei treffer oss igjen etter at me opplevde noko så ekstremt traumatisk som at dotter vår tok livet sitt. Det blei mange klemmar den dagen og me gråt og prata om kvarandre. Eg fortalte historia om og om igjen, seier Sigmund.
Dagen etter følgde han Annbjørg til Tysvær kommune der ho har sin arbeidsplass, og dei møtte hennar kollegaer.
Begge to er tydelege på at å snakka om tabu må normaliserast. Skal ein komma seg framover i sorgprosessen må ein vera opne.
— Mange har takka oss for at me har vore nettopp det, seier Annbjørg, og legg til at for dei har openheita vore heilt naturleg.
For mange kan det vera vanskeleg å kontakta folk som opplever sorg og krise. Men om ein skulle vera i tvil om det er rett eller ikkje, så ta kontakt, er oppmodinga! Det blir sjeldan feil.
— Det handlar ikkje om kva som blir sagt eller ikkje sagt, det er fint å kjenna at folk bryr seg, seier Annbjørg.
Leste avskjedsbrevet høgt
Ho framhevar også ektemannen som har vore flink til å ta ansvar for å vera opne og gå inn i det som er vanskeleg, sjølv om det har vore utfordrande. Allereie dagen etter at Ragnhild tok livet sitt, leste han avskjedsbrevet høgt for alle dei som sat rundt bordet heime på Kåta. Og det var mange.
— Då Sigmund kom med brevet kjende eg at eg ville protestera, og eg tenkte når går eg i bakken. Men han leste, og me gråt, han leste vidare og me gråt i lag alle som var der. Det var forferdeleg – men likevel godt å dela detta ekstremt vanskelege. Å dela sorg og å minnast personen som er borte, er ubeskriveleg viktig, seier Annbjørg.
Dei har snakka om at det dei har opplevd er det verste som kunne skje, men Sigmund seier det kunne vore fleire situasjonar som kunne gjort det verre.
– Me var heldige med at me hadde eit godt forhold til dotter vår, ho skriv fine ord til oss i avskjedsbrevet, det er me svært takknemlege for, seier Sigmund.
Foreldra er utruleg takknemlege for at minna dei har er så gode. Ragnhild var ei oppegåande, velfungerande og glad jente heilt til ho blei sjuk året før, og dei er utruleg takknemlege for kvar dag dei fekk ha henne i 25,5 år.
Takla sorg
Å søkja hjelp til å arbeida seg gjennom sorga har vore viktig for familien. Psykologar har vore til god hjelp, og dei har vore med på helgekurs i regi av Lillebrors minne, ein stiftelse med omsorg for etterlatne etter sjølvmord. Her har Sigmund og Annbjørg vore med i ei gruppe med seks andre par som er råka av same sort tragedie, omtrent på same tid.
— Me ser at det er mykje likskapstrekk ved barna våre, som me har mista. Alle dei sju som tok livet sitt er nok personar me ville kalla for kreative», og det er mogleg at handlekrafta deira var det som kanskje gjorde at dei enda opp med å gjennomføra handlinga, seier Sigmund.
Annbjørg har i tillegg deltatt i Leve, som er landsforeininga for etterlatne ved sjølvmord og som også jobbar for førebygging av sjølvmord. Her har ho fått kontakt med andre mødrer på Haugalandet som har opplevd det same, og det har for henne vore utruleg fint.
Det er også ein annan sak som har blitt tydeleg etter at foreldra har møtt andre i same situasjon: Alle taklar sorg forskjellig.
For både Annbjørg og Sigmund har det vore helsebot å komma tilbake til både arbeidsplass og ein strukturert kvardag. At det blei eit stillas» som heldt dei oppe.
— I starten var eg full av negative, sorgtunge og håplause tankar, men ved å pensa meg inn på litt arbeid, så lausna det litt om litt, seier Sigmund.
Dei ser at alle som har opplevd å miste eit barn til sjølvmord, er forskjellige med kvar sine unike historier. Pårørande har vore gjennom enormt mykje før sjølvmordet. For Sigmund og Annbjørg har det vore utruleg fint å møta andre i same situasjon og lytta til dei, lytta til korleis ein kjem seg vidare i livet på tross av alt det tunge.
— Kvardag og normalitet, om ein har ein god arbeidsplass, har vore fint for oss. Å ha noko å ta tak i når ein står opp om morgonen, sjølv om ein ikkje er så velfungerande i starten, er med på å få deg på beina igjen, seier Annbjørg.
Ho understrekar også at det er viktig å forstå at ein sorgprosess etter eit slikt traume vil vera svært forskjellig for den enkelte. Det er ikkje ein liten jobb å finna både kvardagen og vegen vidare. Det er krevande og tar lang tid.
— Eg har to ting som har vore viktige for meg i denne prosessen. Det eine er å finna tilbake til normaliteten gjennom jobb, det andre er at eg må vera noko for dei tre andre barna mine som framleis lever. Eg er mor deira også, seier ho.
Isn´t She Lovely»
Eit par månadar før Ragnhild døydde blei Annbjørg og Sigmund besteforeldre for første gong til vesle Ebba. Sjølv om den omtalte følgjesvennen stel litt glede, er det likevel fantastisk å få oppleva å bli besteforeldre. Det er også stor glede å sjå at sonen Knut har opplevd det å bli far som ei enorm glede. I fjor kom barnebarn nummer to også, vesle Malthe som blei fødd i april.
— Å få barnebarn er ikkje ei erstatning, men det gjer liva våre så mykje rikare, seier Annbjørg, og legg til at dei veit Ragnhild ville vore ei fantastisk tante for dei små.
Tre år kan for mange virka som lang tid, og at det kanskje er på tide å komma seg vidare. Men for Annbjørg og Sigmund er ikkje tre år lenge. Dei merkar sjølvsagt at tida går, og at tida på ein måte hjelper litt.
— Livet etter at me mista Ragnhild var første kvelden og natta pust for pust. Så minutt for minutt, og så time for time. Me kunne ikkje tenkja langt fram, me måtte berre klara oss akkurat der og då. No har eg ikkje lenger 120 i kvilepuls midt på natta, som eg opplevde den første tida der eg kvar morgon følte eg vakna opp til eit nytt mareritt. Tida hjelper litt, men det er også smerte, sorg og sakn som aldri vil gå over. Dess meir tida går, dess lenger er det sidan eg snakka med Ragnhild, og eg saknar henne så inderleg. Verda er fattigare utan henne, seier Annbjørg.
Ein av dei andre foreldra i pårørande-gruppa dei er ein del av, sa ein gong; me er berre så lita stund på jorda, at me må gjera det beste ut av det. Og barnet vårt som døydde ville ikkje at livet vårt skulle øydeleggjast av dette». Dette er gode ord som både Annbjørg og Sigmund finn meining i. Dei veit at Ragnhild ikkje ville dei skulle ha det vondt.
— Sorg er tungt og trist, men endrar seg over tid. Etter ei stund kjenner eg både sorg og stoltheit når eg tenker på Ragnhild. Grunnen til at det er så grenselaust trist, er jo fordi det var så fantastisk å ha henne her. Gleda var så stor, og då blir tapet også så stort, seier Sigmund.
For foreldra er tempoet i sorgprosessen veldig forskjellig, men det er godt å vera to som deler sorga. Livet er forandra for alltid. Mange har mista Ragnhild, men det er berre dei to som har mista ei dotter.
— Ragnhild var så glad i å syngja, og då Serine blei konfirmert song Ragnhild og eg Steve Wonder sin song Isn´t She Lovely» til henne – tostemt. Då Ragnhild si kiste blei bore ut av Ølen kyrkje, spelte Ragnhild sin pianolærar og dei andre musikarane denne til henne. Det var nemleg det ho var. Ho var Lovely» Ho var fantastisk!