Prisdryss til lokale talent
Denne prisen plar delast ut under Vikedal Roots Music Festival. På grunn av pandemien har det gått fleire år sidan sist utdeling, og difor blei det delt ut fleire prisar i år. FYK-vokalist Jarle Nordtveit Åsheim tok jobben med å vere konferansier.
— Me er glade for å kunne komme i gang igjen med minneprisen, og me er veldig glade for å dela ut denne prisen på Rootsen. Det var her Anton var inne og bidrog mest med dugnad, og han var på veg inn i styret. Han likte også godt å gå på musikkfestivalar. Så å dele ut ein eldsjelpris og musikarpris i Anton sitt minne er veldig treffande, sa Åsheim frå scena.
Lokale talent