Posten: – Vi veit at vi distribuerer narkotika ufrivillig
Posten er klar over at dei ufrivillig distribuerer store mengder narkotika. Dei ser ei aukande mengd mistenkjelege pakkar.
– Vi har avdekt femti prosent fleire mistenkjelege pakkar» samanlikna med same periode i fjor. Det er dei same rutinane som før, så det er openbert at det er ein auke, seier Terje Ulfsten, fagansvarleg for anti-krim i Posten, til TV 2.
Av og til stikk det små lynlåsposar ut av hol i pakken, medan det andre gonger er lukta som avslører innhaldet i pakken. Men det er ikkje tvil om at det også er mykje som kjem gjennom, ifølgje Posten.
Annonse
– Vi veit at vi distribuerer narkotika ufrivillig. Det er vi smerteleg klare over, seier Ulfsten.
(NPK)