Astrid Lundal (t.v.), Solveig Christensen, Jon Arne Markhus, Solveig Lillian Lundal og Jørgen Lundal er klar for sin faste onsdagstur.Foto: Irene Mæland Haraldsen
Astrid Lundal (t.v.), Solveig Christensen, Jon Arne Markhus, Solveig Lillian Lundal og Jørgen Lundal er klar for sin faste onsdagstur.
Onsdagsturen samlar stadig fleire turglade åkrafjordingar.
Onsdagsturen samlar stadig fleire turglade åkrafjordingar.
Johnny Hetleflåt signerer i turboka før Sigurd Lundal vinkar turen i gang.
Johnny Hetleflåt signerer i turboka før Sigurd Lundal vinkar turen i gang.
Klubbhhuset til IL Gro, Grohallen, stod ferdig i 1972.
Klubbhhuset til IL Gro, Grohallen, stod ferdig i 1972.
Siri Hustveit har tatt med hunden på tur.
Siri Hustveit har tatt med hunden på tur.
Stiane er godt merka.
Stiane er godt merka.

Populært turtilbod i fjorden

Ein gong i veka finn ein liten gjeng spreke åkrafjordingar fram turskoa for å bli med på den faste onsdagsturen frå Teigland i Åkrafjorden. Her får dei testa forma og slått av ein prat med naboen i same slengen.

Publisert Sist oppdatert

Det er onsdag ettermiddag og klokka tikkar mot sekstalet. Ved parkeringsplassen ved Grohallen på Teigland i Åkrafjorden strøymer det på med turkledde to og firbeinte som har sett av ei ettermiddagsstund til ein rusletur langs fjorden. Ein del av turgåarane har vore med frå starten då det nye turtilbodet dukka opp for ein dryg månad sidan, medan andre hiv seg med på turen når det passar seg slik.

— Eg har vore med kvar einaste gong. Det er kjempekjekt, seier Astrid Lundal og tek eit godt tak i turstavane ho har tatt med seg.

Ventetida fram til startskotet går presis klokka seks blir nytta til litt småprat og ein oppdatering på smått og stort som rører seg i bygda, og så snart turleiar Sigurd Lundal vinkar turen i gang, svingar Lundal turstavane og legg i veg saman med resten av turlaget som i dag tel i underkant av 20 turglade personar. I løpet av ein dryg time skal turfølgjet gå den gamle skulevegen på Teigland. Stien går frå Grohallen til Vesle Eintveit og vidare til tunet på Flåtane før turfølgjet returnerar tilbake til utgangspunktet. Den tidlegare skulevegen blei for mange år sidan rydda av Johannes Markhus og er nyleg blitt restaurert og merka av turlaget.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS