Berit Landgraff (88) på Furuheim sykehjem har dagleg kontakt med Bella (12). Foto: Eli Strand NPK
Berit Landgraff (88) på Furuheim sykehjem har dagleg kontakt med Bella (12).

Populært med dyr på alders- og sjukeheimar

Mange eldre saknar kjæledyra sine når dei flyttar på aldersheim. Derfor er det stadig fleire institusjonar som no vil leggje til rette for at dei eldre skal ha kontakt med dyr. Kattar og hundar har gjort sitt inntog på norske sjukeheimar dei siste ti åra, men ikkje alle er like begeistra for det.

Publisert Sist oppdatert

Forsking viser at medisinbruken går ned når menneske har dagleg kontakt med dyr. I tillegg blir hormonet oksytocin, som også er kjent som kjærleikshormonet», frigjort ved nærleik og berøring. Dette gjer at stadig fleire vil at kontakt med dyr skal bli ein naturleg del av eldreomsorga.

Vil leggje til rette for dyr

Ein ringerunde rundt i landet viser at fleire vil opne for at dei eldre skal ha kontakt med dyr. Assisterande avdelingsleiar på Ål Bu- og Behandlingssenter, Iselin Tolpinrud fortel at dei ikkje har formaliserte aktivitetar med dyr, men seier at dei tilsette tek med seg både kattar og hundar på sjukeheimen.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS