Lisa Marie Isaksen-Kuru og Benjamin Vallobra Meling er blant initiativtakarane til ny pop-up kafè i Vikebygd.

Pop up-kafé i historisk løe

Ei løe frå 1830-talet blir no forvandla til kafé, galleri og sosial møteplass. Laurdag inviterer dei på Akslå til den første pop up-kaféen, med kunstutstilling, heimebakst og utsikt over heile Vikebygd.

Publisert

I desember opnar dørene til noko heilt nytt i Vikebygd: Pop up-kafé og kunstutstilling i ei løe med ei historie som strekkjer seg nesten 200 år tilbake i tid. Den første opningshelga blir laurdag 6. og deretter blir det ope neste helg 13. desember. Planen er å utvida med fleire opne dagar til våren. Initiativet kjem frå folk som både bur på tunet og har eit sterkt ønskje om å skapa meir liv i det særprega miljøet.

Frå fjøs til kulturarena

Løa stammar frå 1830-talet. Ho blei bygd av stein henta frå skråninga og var i drift som fjøs og løe heilt fram til 1967. Etter kvart forfall konstruksjonen, men for ni år sidan tok Dag Nagel-Alne og kona Solveig Hortmann fatt på ei omfattande totalrenovering. Den gamle takstolen blei bevart og forsterka, og inne har løa gjennomgått ei stor forvandling. Fleire år med arbeid, tunge løft og ni lastebillass med materiale seinare står ho fram som eit lyst, solid og levande bygg. Også bustadhuset på garden er renovert.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS