Pipebrann: Desse fareteikna bør du sjå etter
Høge knitrelydar og intens varmelukt kan vere teikn på at det brenn i pipa di. Dette er faresignala du bør sjå, høyre og lukte etter.
Beksot er eit belegg som set seg i skorsteinen når du fyrer med fuktig ved, har dårleg trekk, eller bruker ueigna materiale som papp og avfall i peisen. Belegget byggjer seg opp over tid og hindrar eit godt straumdrag.
– Beksotet er svært brennbart ved rett temperatur. Dersom temperaturen i pipa når rundt 100 °C, kan det ta fyr. Fyrar du til dømes med delar av eit tørt juletre, kan temperaturen raskt bli høg nok til å starte ein pipebrann, åtvarar brannmeister Hans Jørgen Kristoffersen, hos Trøndelag brann- og redningsteneste i ei pressemelding
frå IFI.
Når beksotet tek fyr, kan temperaturen i pipeløpet stige til mellom 1000 og 1400 °C. Dette er ei enorm påkjenning for pipa, og kan føre til sprekkar, skeivskapar og skadar i konstruksjonen rundt. Det finst ulike typar hjelpemiddel som løyser opp og fjernar beksotet frå skorsteinen.
Rett fyring