Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
To nye personar i Vindafjord har fått påvist smitte.

Påvist ny smitte i Etne kommune

Etne kommune stadfestar onsdag føremiddag fire nye smittetilfelle og at dei ventar svar på 71 prøvar. Det er påvist covid-19 smitte hos ein ny bebuar ved omsorgssenteret i Skånevik.

Publisert Sist oppdatert

Smitteutviklinga held fram i Etne og Vindafjord. Grannar kunne tidlegare i dag opplysa om fem nye med covid-19 i Vindafjord. Dermed er Vindafjord oppe i 66 smitta. Samla har dei to kommunane 103 smitta personar sidan starten av pandemien.

Etne sitt smittetal er med siste utvikling oppe i 37 personar totalt. Sidan 5. november er det påvist smitte hos 33 personar i kommunen. Éin person er innlagt på sjukehus og rundt 110 nærkontaktar er i karantene.

Dei siste resultata viser at det ikkje er nye smitta i barnehage og skule, opplyser kommunen.
— Smittesporing pågår og dei fleste nærkontaktar har allereie fått beskjed. Det er stor pågang på testkontoret i Ølen, så ein oppmodar alle om å ha tolsemd når ein ringer for å avtale test.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS