Det var folksamt på isen på Kyrkjehølen i helga.FOTO: NILS TOKHEIMBilde 1 av 6
Sondre Hundseid Eikeland med sonen Viljar (2) på Kyrkjehølen.FOTO: Nils TokheimBilde 2 av 6
Marianne Holthe koste seg med dottera Thelma Eikeland (4).FOTO: Nils TokheimBilde 3 av 6
I mangel av fjordis i Sandeid blei det is i ballbingen ved skulen.FOTO: Nils TokheimBilde 4 av 6
Olene Larsen (10), Mie Helgevold (10), Sofia Furseth (12), Riana Sattler (10), Andrine Endresen (10) og Lilly Vestbø (10) syntes det var ein strålande idé å bytta ut kunstgras med is.FOTO: Nils TokheimBilde 5 av 6
Markus Helgevold (7), Milian Jansen (10) og Håvard Stensland (11) var glade for at det var is i ballbingen.FOTO: Nils TokheimBilde 6 av 6
Morten Svandal frå Imsland er informasjonsansvarleg i Haugaland Brann og Redning IKS ved sida av at han er områdeleiar for den austlege delen av HBR sitt ansvarsområde.
— Det er is på dei fleste vatna i distriktet vårt, og nokre stader byrjar fjordisen å etablera seg, seier han.
I si eiga heimbygd seier Svandal at det er aktivitet på isen både på Børkjelandsvatnet og Ølmedalsvatnet.
Kyrkjehølen
På Kyrkjehølen i sentrum av Vikedal er det trygg is på det lange, smale og krokete vatnet som ligg mellom Holmen og idrettsanlegget. Slik blir det rundt annakvart år, men det må ein kuldeperiode slik som i år før han blir trygg.
Søndag var det ein gjeng som laga stemning med bålpanne for dei mange store og små om koste seg på isen. Bålpanna stod sjølvsagt på ein stad der dei lokale veit at det er svært grunt.
— Eg har målt isen til 18 centimeter her i delen av hølen som strekk seg bort mot campingplassen, seier Sondre Hundseid Eikeland.
Han har med seg sambuar Marianne Holthe og ungane deira Thelma (4) og Viljar (2) på den meir enn trygge isen. Eikeland har tatt på seg å vera uformell kontrollør av isen, men er tydeleg på at det er eit område ved den nye gangbrua som er langt tynnare. Her er det noko rørsle i vatnet som truleg fekk namnet høl sidan det er etter forholda låg gjennomstrøyming av vatn.
Fjordis
I Sandeid legg det seg år om anna is på fjorden. For 50-60 år sidan var det rundt kvart femte år, men det er sjeldnare no. Nokre gonger før i tida gjorde rutebåten M/S Fjorddrott» sitt til at det ikkje vart etablert is. Då isen likevel la seg, fortsette båten ei tid ut og inn av fjorden i si eiga råk på dei to daglege turane til Stavanger. Isen kunne liggja ei veke eller to før mildvêr og følgande vind som oftast tok knekken på han.
Sjølv om det har vore kaldt lenge no, så har ikkje vind og straumforhold vore gunstige for is. Så seint som i helga kunne snøggbåten ta seg forbi nokre tynne isflak ved Oppsalsholmen på veg inn til Sandeid. I Vikedal blir det aldri fjordis, så båtruta mellom Stavanger og Sandeid sluttar av og til i Vikedal når det legg seg is innover Sandeidfjorden.
Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.