Tove Elise Madland (t.h.) leita etter ny kjole til valnatta saman med butikkinnehavarAnne Aasheim Stople ved klesbutikken Hans og Grete» i Ølen.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Stortingsvalet 2021
På leit etter vinnarkjolen
— Nei, den der blir altfor grøn! Men litt blått kan kanskje fungere, seier Tove Elise Madland.
Det er lunsjtider på valdagen, og Rogaland Ap sin 3. kandidat på lista til dagens stortingsval har tatt turen til ein av favorittbutikkane sine, Hans og Grete» i Sjoargata i Ølen.
Innehavar Anne Aasheim Stople leitar fram forskjellige kjolar. Den eine skal Madland kle på seg på det som blir ein av dei mest minnerike stunder i hennar liv. For alt tyder på at den 56-årige hjelpepleiaren frå Vats blir valt inn til Stortinget som fast møtande representant, og i så fall som førstegongsreisande til Løvebakken.